Mann i dress får hjelp av tre elever med å fingerhekle med grønt garn.
På Nattland skule lærte byråden å fingerhekle av elevar på femte trinn. Øver han meir, vil ha få det betre til, meinte elevane.
Bilde: Astri Kamsvåg

Nattland skule: - Fordel å vere ein stor skule

Då han besøkte Nattland oppveksttun skule lærte byråd Daniel Hägglund å hekle med fingrane og snakke med hendene.

Den ferske byråden for barnehage og skule er opptatt av å treffe barn, unge og tilsette i barnehagar, skular og pedagogisk-psykologisk senter for å høyre kva dei er opptatt av og få innspel.

Nattland oppveksttun er både barneskule og ungdomsskule og er ein av dei største skulane i Bergen med rundt 730 elevar og 120 tilsette.

- Eg synst det er mange fordelar med at skulen er stor. Det gjer at vi kan ha robuste fagmiljø, og det gjer oss godt rusta til å handtere ulike utfordringar. fortel rektor Kjetil Damm.

Mann i dress sitter sammen med to barn og tegner.
Teiknspråk er ei satsing på Nattland skule. Byråden lærte seg teiknet for fornamnet sitt, Daniel, og talet éin.
Bilde: Astri Kamsvåg

Tilbod til elevar med høyrselshemming

I 2014 overtok Nattland skule ansvaret for elevar med høyrselshemming i samband med samanslåinga med Hunstad skule. Oppveksttunet opna i 2017. Skulen har høg kompetanse i teiknspåk og er tilrettelagt for høyrselshemma. Rundt 20 elevar frå Bergen og omegn får opplæring i og på teiknspråk, fortel rektoren. 

– Alle elevane våre lærar seg vekas teikn. Dei tilsette lærer seg teiknspråk i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet. Hausten 2022 starta vi eit prøveprosjekt med teiknspråk valfag for elevar på ungdomsskulen. Vi ser at både elevar og tilsette med høyrselshemming blir meir inkluderte når fleire kan teiknspråk. Målet er at alle skal oppleve teiknspråk som ein naturleg del av kvardagen, seier Kjetil Damm.

Forsterka avdeling opnar i desember

Våren 2023 vedtok det dåverande byrådet å opprette forsterka avdeling ved Nattland oppveksttun. Forsterka avdeling i Bergen kommune er 

opplæringstilbod for elevar med utviklingsforstyrrelsar, utviklingshemming eller andre omfattande og vedvarande lærevanskar. Tilbodet på Nattland er for elevar frå 1. til 4. trinn. 
Sidan sommaren har Nattland oppveksttun arbeida med å etablere ei forsterka avdeling. I desember startar dei første elevane på den nye avdelinga. Skulen har tilsett pedagogar og miljørettleiarar som skal ta imot dei nye elevane.

Fokus på trygt og godt skulemiljø

Eit anna område Nattland skule har arbeidd mykje med dei siste åra er psykososialt arbeid. Satsinga heng mellom anna saman med at òg hos dei aukar talet episodar der elevar utøver vald eller kjem med truslar mot andre elevar, lærarar eller andre tilsette. Auka er størst blant dei yngste elevane på barneskulen.

- Vi har ansvar for å skape eit trygt miljø for alle elevar. Det skal òg vere trygt for dei tilsette å arbeide på Nattland oppveksttun. Vi har oppretta eit team som jobbar spesifikt med dette. Satsinga kostar, men vi har ein tanke om at miljøet blir betre og at det vil løne seg på sikt, seier Kjetil Damm.

Les mer om: