Mann i dress sammen med tre barn inne i en barnehage.
SATSING: Leikelyst er eit satsingsområde i Bjerknesparken barnehage.
Bilde: Astri Kamsvåg

Fersk byråd fekk gode innspel frå barnehage

Då byråd Daniel Hägglund nyleg besøkte Bjerknesparken barnehage fekk han høyre om korleis det var å gå frå å vere ein privat barnehage i Akasia-kjeden til å bli ein kommunal barnehage.

Styrar Mona Marøy kom sjølv frå ein annan liten, privat barnehage. Slik oppsummerer ho overgangen.

- Det var godt å komme inn i Bergen kommune. Eg opplever at kommunen er veldig profesjonell. Her er vi del av eit stort barnehagenettverk med mykje kunnskap og ressursar. 

Mann i dress sitter ved bord sammen med to barn i en barnehage.
LEIKEN BYRÅD: - Eg skulle gjerne vore her i barnehagen og perla med dykk heile dagen, sa Daniel Hägglund.
Bilde: Astri Kamsvåg

Som i dei fleste barnehagar ønsker òg Bjerknesparken seg fleire tilsette. Med fleire tilsette blir barnehagen mindre sårbar når mange av personalet er sjuke på same tid.

- I førre veke var halvparten av dei som jobbar her, sjuke. Diverre fekk vi ikkje tak i vikarar til å dekke opp alle stillingane. Då var det vanskeleg å gi barna det tilbodet dei fortener og som dei har krav på, fortel Mona Marøy.

Byråden forstår kva styraren snakkar om. Kona hans arbeider i barnehage, og dei tre barna deira har gått i barnehage i Bergen. Sjølv har han eksamen i barne- og ungdomarbeidarfaget frå heimlandet Finland.

- Barnehage og skule betyr mykje for mange. Det gjer det til den mest interessante byrådsavdelinga å jobbe i, meiner Daniel Hägglund.

- Eg skal jobbe for at de får dei ressursane de treng, men eg kan sjølvsagt ikkje love noko, svarar byråden.

Les mer om: