To kvinner med rød hjelm og oransje refleksvest står på utendørs byggeplass.
GLER SEG: - Vi gler oss veldig til å få nye lokale, seier rektor Ragnhild Joan Kaarstad. Til høgre står elevrådsleiar Julia Eskina.
Bilde: Astri Kamsvåg

- Blir veldig bra for framtidige elevar

- Eg trur dette kjem til å bli veldig bra for framtidige elevar på Garnes ungdomsskule. Dei får mykje betre plass i det nye skulebygget, sa elevrådsleiar Julia Eskina då grunnsteinen blei lagt ned.

Å legge ned ein grunnstein er ein tradisjon og høgtideleg milepæl i alle byggeprosjekt. Fredag 1. desember la byråd for barnehage og skule, Daniel Hägglund, ned grunnsteinen på nye Garnes ungdomsskole.

Rektor Ragnhild Joan Kaarstad er veldig nøgd med at byggeprosjektet no er komme så langt.

- Vi har venta på dette i mange år og har sett fram til at det skulle skje noko her. Det var først då dei reiv den gamle skolen for eit år sidan at vi skjønte at vi faktisk skulle få eit nytt skulebygg. Vi gler oss veldig til å få nye lokale, seier rektoren.

En rekke med mennesker står med ryggen mot kamera og ser mot byggeplassen og byråden som snakker.
BYGGEPLASSEN: Byggeplassen er 90 prosent utsleppsfri. Prosjektet er det einaste i Noreg med så lav grad av utslepp. Det moderne skulebygget vil ha fleire spennande løysingar, som solcellepanel og et bergvarmepumpeanlegg.
Bilde: Astri Kamsvåg

Grunnsteinen er ein tidskapsel

Grunnsteinen er eigentleg eit skrin laga av koppar. På lokket er det ein inskripsjon der det står kven som legg ned grunnsteinen og dagen steinen ble lagt ned. Inni skrinet ligg det ein hundrekroneseddel, dagens aviser (Bygdanytt, Bergens Tidende og Bergensavisen), gjennomføringsvedtaket, kontrakten og teikningar av den nye skulen. 

Eit  senter for nærmiljøet

Skulen er bygd for at store delar av spesialromma og idrettsbygget skal kunne lånast ut til innbyggarar, kultur- og idrettsaktivitet, lag og organisasjonar.

- Ambisjonen er at dette ikkje berre blir ein skule, men eit senter for nærmiljøet her på Garnes og i Arna. Målet er at bygget skal være i bruk meir eller mindre 24/7, sa byråden for barnehage og skule i talen sin.

På lokket av skrinet står det: Garnes ungdomsskule. Grunnstein nedlagt av byråd Daniel C.E. Hägglund fredag 01. desember 2023.
TIDSKAPSEL: Kopparskrinet som er tidskapselen/grunnsteinen er blankt og fint. Ei høg heisekran speglar seg i lokket.
Bilde: Astri Kamsvåg

Flyttar inn i løpet av hausten 2025

Den nye ungdomsskolen skal ha plass til 520 elevar inkludert ei forsterka avdeling med 20 elevar. 

Skulen blir klar i løpet av hausten 2025. I byggeperioden held elevar og tilsette til i lokala til tidlegare Arna gymnas.

Les meir om prosjektet

Nær utsleppsfri byggeplass på Garnes

Byggeprosjekt Garnes ungdomsskule

Les mer om: